God morgon, Yshilet av Pål Sundvor (1992)
Ei sann historie frå USA er bakgrunnen for høyrespelet om Mary, 26år, dømd til døden for drap. Framtida hennar er den elektriske stolen. Fortida er eit liv som tjuv, narkoman og kvit hore. Men Mary er indianar, cherokee, ætling av eit høgtståande kulturfolk, som lik henne blei røva, valdteke og utbytta av den kvite mann. Og på si vandring i dødsskuggens dal møter Mary stien attende, mot opphav og identitet, mot det som gir både livet og døden ei ny meining.
Av Pål Sundvor. Lagt til rette og instruert av Nils Nordberg. Teknisk regi: Kjetil Hansen. Inspisient: Tove Britt Olstad.
Kilde: nrk.no