Røyster i steinen av Claes Andersson (1981)

Kven er dei gale? Claes Andersson, som òg er poet og psykiater, gjer dette gamle spørsmålet aktuelt på ny i høyrespelet sitt. Han lar sinnslidande kome til orde – i lyriske monologar, men òg i samtalar med slike som går for å vere normale, slike som oss.

Handlinga er lagt til ein psykiatrisk institusjon, og “røystene” er røystene til pasientar. Vi møter den kvinna som har flykta inn i ei drømmeverd der ingen kan nå henne, den unge mannen som får smaka aggresjonen mot dei som ikkje greier å vera produktive, den kvinna som bokstaveleg blei sjuk av berre å gå heime, ho som blei sjuk av samlivet med ein mann, som sjøl var sjuk, men utan å veta om det, ho som la for mykje i det ein mann sa og ga seg over til fantasiverden då mannen gifta seg med ei anna, han som berre er redd for alt og ikke minst for sjølve redsla.

Spelet er som eit dikt, og det er mørkt, for det fortel om det å vera sjuk og det som gjer oss sjuke, om det fortrengte, umedvetne og forsteina i oss sjølve – om det som forfattaren kallar «sjikt av skuld, vald og forsømming», men det fortel også om den vegen den sjuke kan gå attende til menneska og det verkelege livet. Om lengselen mot å veksa mot glede og lys, kjærleik og tiltru. Mot slutten av stykket møter vi til dømes den kvinna som ikkje lenger let seg binde av falske og unødige behov, men aksepterer røyndomen – også einsemda og sorga – og blir, uforstilt, den ho inst inne har visst at ho var. Ho er eit menneske som går gjennom sjukdomen og kjem ut på den andre sida. Og som det står i epilogen: «Berre den som heile sitt liv har vore nøydd til å vera død, kan forstå kva for ei oppleving det er.»

Omsett av Halldis Moren Vesaas. Musikk: Egil Kapstad. Instruktør: Merete Skavlan. Teknisk regi: Odd Asbjørn Ekseth. Dei som er med: Tone Schwarzott, Arne Lie, Bjørn Floberg, Tone Danielsen, Sverre Holm, Erik Øksnes, Siri Rom, Svein Tindberg, Gisle Straume, Hilde Sophie Plau, Bente Børsum, Jorunn Kjellsby, Odd Furøy, Anne Marit Jacobsen, Roy Bjørnstad, Knut Risan, Peter Lindbæk, Astrid Folstad, Mona Hofland og Frank Robert. Annonsering ved Svein Jarle Molnes.
Kilde: nrk.no

Mord eller selvmord? av John Dickson Carr (1981)

Angus Campbell kom av dage på en mystisk måte. En morgen ble han funnet død ved foten av tårnet på borgen Shira. Var det selvmord eller hjemsøker en forbannelse den gamle borgen eller kanskje det dreier seg om drap? Basert på romanen “The Case of the Constant Suicides” fra 1941, utkommet på norsk under tittelen “Dødstårnet”. Kriminalhørespill i fem deler av John Dickson Carr. Dramatisert av Edith Ranum etter Nils Nordbergs oversettelse. Musikk: Knut Heljar Hagen. Instruktør: Erik Lassen. Teknisk regi: Jan Erik Hoel.
Kilde: nrk.no